Monstermaster

Det skjer ting i Kongeriket Norge.  Stoltenberg har fått det for seg at han skal vera best i CO2-klassen og få klapp på skuldera kvar gong han viser seg i utlandet.  Her er den enkle løysinga på det:

Gassen som vert produsert på Mongstad skal CO2-rensast – månelandingsprosjektet.  Det går ikkje så godt, det er pr i dag blitt crashlanding.   Då er det lurt å senda den gassen til Tyskland slik at han kan brennast der – det blir jo ikkje på vår CO2-kvote.  Så får me føra straum til Bergen frå Sima i staden for å produsera han på Mongstad.   Og naturligvis må gassen som bli produsert i Nordsjøen sendast til Mongstad for å bli til elektrisitet som så må ut igjen til plassformene slik at dei kan elektrifiserast. Den er nå absolutt ikkje CO2-rensa, så den kunne vel like godt blitt der den var og brukt der?

Her ser me den eine skinnmanøveren etter den andre, og det kan ikkje vera godt for noko som helst utanom at Stoltenberg skal kunna slå seg på brystet når han er reist i privatfly til klimaforhandlingar. Blir det mindre CO2 av det?  Nei, langt i frå.  Men det tek seg  godt ut.

Eg skulle hatt god lyst til å vita kor mykje all offentlig transport i Oslo og Bergen kostar pr år og kor mykje CO2 som kunne sparast om denne transporten var gratis.

Det heiter seg at folket får dei politikarane dei fortener.  Mon det.  Spar oss i alle fall for skinnhellige statsrådar!

Dette innlegget vart posta under Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s